Totalt antall sidevisninger

fredag 19. september 2014

Inn i elden av Aina Basso


I frå 1620 og utover blei 80 "trollkvinner" dømde til døden på bålet i Finnmark. Denne forteljinga handlar om to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande tida i norsk historie. Her er to parallelle forteljingar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter til ei "klok kone" i Finnmark. 16 år gamle Dorothe blir gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får ein ei skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid både med parallellar og sterke kontrastar til vår eiga tid. Dette er ei historie om hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe. Forteljing for ungdomstrinnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar